RØFF er gruppa for dei mellom 13 og 17 år som er interessert i å lære meir om friluftsliv og førstehjelp. 

I RØFF får ein bli med på mykje forskjellig, som førstehjelp, kajakkpadling, klatring, skiaktivitetar, vassredning, skredlære og mykje anna! RØFF er ein fin arena for dei som ynskjer eit aktivt og variert fritidstilbod. I tillegg får ein livsviktig kunnskap om førstehjelp og ferdsel i naturen, noko som kjem godt med til seinare i livet.

RØFF er ein fin plass å starte om ein er ungdom og ynskjer å bli med i Røde Kors. Etterkvart kan ein gå vidare til Hjelpekorpset, og då kjem erfaringane frå RØFF godt med.


Sist oppdatert 10.01.18