Lokalforening

Aktivitetar Lokalforening

Kva er lokalforeninga?

Lokalforeninga er paraplyen i Ørsta Røde Kors. Lokalforeninga si hovudoppgåve er å støtte opp under aktivitetane til avdelingane. I tillegg har ein ansvar for drift av hus i Strandgata og koordinering av diverse fellesaktivitetar som Røde Kors-dag og Barnas dag.

Samarbeidsavtale om beredskap mellom Ørsta kommune og Ørsta Røde Kors.

Ørsta Røde Kors har ein løpande avtale med Ørsta kommune om beredskap med tanke på ekstraordinære hendingar som kan finne stad i fredstid.

Kort fortalt inneber avtalen for Ørsta Røde Kors: Å stille med personellresursar og materiell ved behov før, under og etter ekstraordinære hendingar. Ørsta Røde Kors er representert i det kommunale beredskapsrådet og kan ved behov også stille med representant i den kommunale kriseleiinga.

Styret i Ørsta Røde Kors:

  • Kristin Riise

    Leiar Lokalforening
  • Jorunn Hovde Vollsund

    Nestleiar Lokalforening
  • Jarle Steinar Bjørdal

    Styremedlem Lokalforening
  • Jarle Aarseth

    Vara Lokalforening
  • Arild Aarseth

    Vara Lokalforening
  • Jostein Vatne

    Leiar Besøksteneste
  • Torill Kristin Wollmann

    Utleige av lokal Lokalforening
  • Knut Olav Standal

    Styremedlem Lokalforening
  • Øystein Øye Bjørdal

    Korpsleiar Hjelpekorpset

Nyhende (2)

Røde Kors-dag

Publisert 08.09.2018 av Kristin Riise

Laurdag 29. september kl. 12-15 opnar Ørsta Røde Kors huset for lokalbefolkninga.


Les meir

Det veks i Grasrota

Publisert 10.01.2018 av Arnfinn Mork

Ørsta Røde Kors med storeslem i grasrotandelen

Dette var overskrifta i ein artikkel i Mørenytt 13 januar 2018


Les meir

Sist oppdatert 25.10.18