Ørsta Røde Kors Hjelpekorps driv tryggleiksalarmteneste for Ørsta Kommune.

Om lag 150 brukarar har ein tryggleiksalarm utplassert. Det er heimetenesta til Ørsta Kommune som tildeler alarmane til brukarane, og Hjelpekorpset som plasserer desse ut til brukarane. Brukarane er heimebuande og er busette over heile kommunen. Ved behov trykkjer brukaren på ein trådlaus amulett han bærer med seg og alarmboksa ringjer opp brannvakta i Ålesund. Dei ringjer deretter til pårørande, heimetenesta til kommunen, eller dersom ingen av desse svarar, til Hjelpekorpset sin vakttelefon.


Tenesta er delt i teknisk drift og beredskap. Teknisk drift er feilretting, utplassering og drift av alarmboksane. Personell frå Hjelpekorpset reiser rundt til brukarane og set i drift alarmar, driv opplæring til brukarane, og rettar tekniske feil som måtte oppstå ved til dømes straumbrot og lynnedslag, batteribyter og lignande. Teknisk drift er dekt av to fast tilsette personar i deltidsstillingar.


Beredskapen er dekt av to Hjelpekorpsmedlemmer som går med vakttelefon 24/7 i døgnkontinuerlig beredskap. Det er to telefonar som ringer samtidig ved anrop så det er alltid nokon som svarer. Det er ti personar som deler på tenesta med to veker på, og to månader av i turnus. Som ein hovudregel rykkjer vi ut med Hjelpekorpsbil som er godt utstyrt med førstehjelpsutstyr og hjartestartar. Alle som går i turnusen har minimum 30 timar førstehjelpskurs og er erfarne hjelpekorpsmedlemmer som tek Hjelpekorpsprøve og resertifisering kvart tredje år. Brukarane kan ha behov for medisinsk hjelp, hjelp ved fall eller andre heimeuhell. Typisk ringer telefonen ein gong i løpet av tenesteturnusperioda i snitt.


Beredskapsvakta tek også imot alarmar frå Helsevesenet for ambulanseoppdrag utanfor veg, og dersom Lokal redningsteneste ved Politiet har behov for Hjelpekorpset. Det er kun helse og politiet som kan kalle ut Hjelpekorpset. Dei som har vakttelefonen set i gong utkalling dersom Hjelpekorpset skal ut på oppdrag. Hjelpekorpset i Ørsta har på denne måten døgnkontinuerlig beredskap heile året og har hatt dette utan avbrot sidan 80-talet. Vi stiller alltid.

Sist oppdatert 22.06.18