Her finn du dei forskjellige gruppene vi har i hjelpekorpset

Krevjande lende

Ørsta kommune har eit variert terreng mellom fjordar og fjell. Fleire og fleire vil nytte seg av denne unike naturen, både kommunen sin eigne innbyggarar og tilreisande. I alle år har hjelpekorpset vore klar til å hjelpe fjellfolk om dei vert utsett for ei ulykke eller om dei berre har gått seg faste og treng hjelp til å kome seg til trygg grunn igjen.

I Norges Røde Kors er det klare prosedyrar for korleis redning og sikring i krevjande lende skal skje. Dette tok vi konsekvensen av i 2016 og fekk godkjend Krevjande Lende-gruppa etter det nye metodesettet.

Prosedyrane og metodesettet er laga for å kunne nyttast i søk og redning i terreng som ikkje har loddrette eller overhengande klippeparti på over to-tre meters høgde. Dersom dette er tilfelle må vi tilkalle Sunnmøre Alpine Redningsgruppe, som er ei av ni alpine redningsgrupper i Norge.

Metoden kan nyttast både til å sikre eige mannskap eller til å fire ned ein pasient, enten han kan gå sjølv eller ligg på ei båre.

Krevjande Lende-gruppa i ØRKH har åtte medlemar som har gjennomført kurs og som kvart år øver for å vere budde til å hjelpe andre i bratt terreng. Av desse er også to godkjende instruktørar.

Vassredning

Hjelpekorpset sine båtar har vore aktive og sentrale i fleire redningsaksjonar på Sunnmøre siste åra frå Lepsøyrevet i nord, til Vanylven i sør.

Hjelpekorspet har høg aktivitet og har ofte øvingar på sjøen. Vassredningsgruppa driv mest med søk men også med transport av mannskap og utstyr. Båtane til hjelpekorpset er begge på tilhengar, men den største har også fast plass i småbåthavna.
Den største båten er ein Polar 530 og er lett nok til å kunne settast ut dit me køyrer den, eller me kan gå til der den trengs dersom det er raskast. Båten er likevel stor nok til å ta med ti personar eller mykje og tungt utstyr. Båten er utstyrt med kartplottar og mykje lysutstyr. Båten har også redningsnett til å plukke opp personar frå sjøen. Dersom båten ligg i havna kan me plukke den opp på omlag ein halvtime.
Den lisje båten er ein steady som er liten nok til å bli flogen inn til fjellvatn, eller den kan bærast ut dersom ein ikkje finn ein båtslipp. Denne kan gå inn på grunt vatn og har vore veldig nyttig der det er langgrunt, eller ruskete farvatn. Båten kan også kranast ut direkte frå depotet der den står til daglig.
Alle mannskap i hjelpekorpset får tilbod om basisutdanning innan vassredning og vi hjelper også til så mannskap kan ta båtførarprøva som er eit krav i hjelpekorpset for å køyre båt.

Transport

Aksjonsradiusen til Hjelpekorpset er heile Sunnmøre og det er mykje og tungt utstyr som skal dit det trengs raskt. Ofte rykkjer me ut med båtar på tilhengar, utstyrshengar, og fleire bilar. Ved skred eller fjellulukker lokalt er det ofte behov for skutertransport for å kome fram til ulukkestaden om vinteren. Det vert fort bratt på våre kantar og då er det viktig at både utstyr og kunnskapar og erfaring til medlemmene er på topp. Spesielt køyring med snøskuter utanfor preparerte løyper er krevjande og krev godt utstyr og godt med erfaring. Transportgruppa har ansvar for drift og vedlikehold av bilar, skuterar og tilhengarar som tilhøyrer Hjelpekorpset. I tilegg driv gruppa med utrusting av og tilpassing av desse til Hjelpekorpset sine behov.

Alle medlemmene i gruppa har minst BE sertifikat for å køyre alle bilar og hengarar som korpset eig. I tilegg har alle medlemmene skutersertifikat. For å være medlem i gruppa lyt ein ta del i korpset si interne opplæring og utsjekk på dei forskjellige bilane og skuterane som Korpset eig. Gruppa øver jamnleg og som eit minimum må alle medlemmene ha eit antal timar med erfaring frå køyring med skuter og bil med hengar. Medlemmene i gruppa går og fast turnus på Bondalseidet med skutervakter. For 25 år sidan var det viktigaste for ein medlem i transportgruppa å være flinke å mekke og reparere bilar og skuterar, men med betre økonomi i Hjelpekorpset kan vi ha fokus på å løyse oppgåvene vi får. Transportgruppa er takknemlege for at me har godt egna utstyr som gjer at me klarer å løyse dei oppgåvene me vert sett til.

Bilar
Hjelpekorpset eig ein Mitsubishi Pajero 2015, VW Amarok 2012 og ein Mitsubishi Pajero 2004. Bilane har firhjulstrekk, lavgir, grove terrenghjul, og høver til å trekke hengarane som korpset eig.

Tilhengarar
Utstyrshengar, Skuterhengar tett, Skuterhengar open, Båthengar til storebåten, Båthengar til lisjebåten.

Skuterar
Begge skuterane er breibelta og høver godt til å trekke utstyr og mannskap raskt fram i terrenget. Begge har Skutersledar, pulkdrag, GPS navigasjon,
Lynx Commander 600 E-tec 2015, Lynx Commander 800R E-tec 2016


Førstehjelp

Førstehjelpsgruppa har ansvar for ekstern og intern undervisning av førstehjelp.

Fleire av medlemane i Ørsta Røde Kors arbeidar innan helsesektoren som vi kan bygge vidare på i vår organisasjon. Gjennom fleire år har vi opparbeida stor kompetanse og brei erfaring.

Vi held ein del kurs til barnehagar, skular og elles bedrifter i Ørsta kommune.

Intruktørane til førstehjelpsgruppa har ulik erfaring innan pedagogikk og helsefag.

Første torsdag i månaden er satt av som kursdag, men vi kan vere fleksible. Kursa kan bli arrangert både på dag og ettermiddag/kveldstid.

Om di bedrift ønskjer eit kurs kan ein ta kontakt på forstehjelp@orstarodekors.no


Skredgruppe

Volda Ørsta Skredgruppe har omlag 30 medlemmar. Ei skredgruppe må minimum ha 5 kvalifiserte medlemmar med fagkurs skred, i tillegg til dette kan ein ha fleire aspirantar. Skredgruppa må, saman med lokalt hjelpekorps disponere tilstrekkeleg utstyr til å kunne handtere aktuelle skredhendingar i eige område, og rykkje ut når skredhendingar skjer. Skredgruppa bidreg i vårt område med å spreie kompetanse om førebygging av, og redning i skred. Skredgruppa må årleg revidere alarmplanen og vurdere kven som er kvalifisert for komande sesong.

Krav til medlemmar i ei Røde Kors Skredgruppe:

For å verte godkjend i ei av Røde Kors sine skredgrupper er det nokre krav;

  • Ein må være godkjend medlem i hjelpekorpset
  • Skal stå på gruppa og korpsets alarmplan, samt være operativ
  • Må ha bestått fagkurs skred (eller være godkjend tindeveiledar)
  • Skal delta på skredøvelser hvert år og må være oppdatert faglig
  • Må være minst 20 år
  • Må være i god fysisk form og være psykisk skikka til skredaksjonar
  • Må ha god erfaring fra ferdsel i vinterfjell i aktuelle områder

Skipatrulje

Helpekorpset har fast vaktturnus på Ørsta Skisenter. Heile vinteren, heile åpningstida.
Meir info kjem!

Depot

Hjelpekorpset har mykje utstyr som depotgruppa tek hand om og held i orden. Ein stor utstyrstilhengar er med ut på alle aksjonar og er fylt opp med basisutstyret vi treng til dei fleste typar aksjonar. Depothengaren har lys og straumaggregat, batteribackup, sambandsutstyr, søksutstyr og førstehjelpsutsyr. Depothengaren er også utstyrt for aksjonsleiing. Noko av utstyret tek også gruppene hand om sjøl som fjellredning, vassredning og turutstyret til RØFF.

Samband

Sambandsgruppa har ei stor utfordring med Sunnmøre sin topografi med krokete tronge dalar og djupe fjordarmar. Vi er godt utstyrt med Nødnett, VHFnett, Satelittelefon og har eit godt sambandsrom på Røde Kors lokala, der vi også har radioamatørutstyr i samarbeid med Norsk Radio og Releliga.
Meir info kjem!

Sist oppdatert 25.06.18