Røde Kors Hjelpekorps er den største frivillige aktøren innan den norske redningstjenesten. Hjelpekorpset rykker ut på kort varsel og er alltid klar til innsats!

I dag blir vi kalt ut av politiet om nokon vert sakna, ved ulykker, kriser og naturkatastrofer. Kvar dag, heile året, er eit eller fleire hjelpekorps i aktivitet for å hjelpe menneske.

Vi i Ørsta Røde Kors Hjelpekorps baserar våre aktivitetar på behov og lokale forhold. Du kan finne våre forskjellige grupper under kategorien grupper.

Nyhende (7)

Hjelpekorpset kursar seg i førstehjelp i fjellet.

Publisert 06.01.2019 av Børulf

Kurshelg på Standalshytta med turlegen.no

Les meir

Skiskade kveld for Hjelpekorpset

Publisert 10.12.2018 av Børulf

Mandag 11.desember fekk vi besøk av Thomas Silseth frå Fysio1.

Les meir

Godt oppmøte på møte om snøskred og trygg ferdsel.

Publisert 11.11.2018

Søndag 11.november arrangerte Hjelpekorpset møte om snøskred og trygg ferdsel i samarbeid med Christer Lundberg Nes.

Første del av møtet var inne på Røde Kors lokalet der Roar Gjerde gav først ein kort presentasjon av Volda/Ørsta Røde Kors Skredgruppe.

Deretter heldt Christer eit foredrag om ferdsel i skredterreng og teorien bak skikompisprinsippet. Chister har i år gitt ut den andre utgåva av boka Skikompis.

"Skikompis er boka som viser deg korleis du kan ferdast tryggare i vinterfjellet. Her lærer du å forstå terrenget, snøen og vêret, slik at du unngår farlege situasjonar. Boka gir også rettleiing i effektiv kameratredning om uhellet er ute. Boka er nytta som pensum mellom anna i skredkursstigen til Norsk Fjellsportforum, og på ulike friluftsutdanningar på høgskule/universitet." (Sitat frå www.skikompis.no )

Det var 55 personar som møtte opp og fleire av dei nytta høvet til å kjøpe både boka og adventskalenderen til hjelpekorpset.

Andre del av møtet var ein praktisk del ute på badestranda på Vekslet.

Ca. 25 personar fekk ei grunnleggande innføring i bruk av skredsøkar.



Les meir

Terminliste for hjelpekorpset

Publisert 13.09.2018 av Kristine Olsen

Dette er terminlista til hjelpekorpset hausten 2018. Innemøter startar kl. 19, utemøter kl. 18. Gjer vel å møt presis. Velkommen til ein triveleg og spanande haust!

Les meir

Vaktoppdrag på "Urke - challenge"

Publisert 08.09.2018 av Kristin Riise

Hjelpekorpset har i dag, 8. sept vore vakt på Saksa under "Urke-challenge" 2018.


Les meir

Redningsøving i Hjørundfjorden

Publisert 25.06.2018 av Børulf Lefdal

Laurdag 16.juni arrangerte vi ein større søks og redningsøving i Hjørundfjorden. Scenarioet var at tre personar var sakna mellom Maradalselva og Lekneset.

Les meir

Sist oppdatert 12.08.18