Opptakta til Ørsta Røde Kors Besøksteneste var foreininga "Sykes venner".

Disponent Krogh Albertsen i styret for Sjukehuset i Volda tok kontakt med blant anna Paula Blankholm og oppmoda henne om å danne ei foreining til  hjelp og støtte for pasientane.  Den 12. mai 1959 vart foreininga stifta med 9 medlemer med målsetning  å hjelpe og glede sjuke og gamle. Dei hadde faste dagar på sjukehuset og medlemane hadde korger fulle av varer av forskjellig slag, som toalettsaker, skrivepapir, blad og anna, som dei selde til pasientane (dette var før det var kiosk ved sjukehuset).  Det vart stifta eit musikklag som underheldt ved forskjellige høve. Pengar som kom inn på utlodding vart brukt på gåver til Sjukehuset og til pasientane. "Sykes venner" hadde dette arbeidet fram til 1962. Hausten 1962  fekk Volda Røde Kors besøk av kretsleiar i Røde Kors Pasientvenner i Møre og Romsdal, Sigrid Christie frå Molde.  Det vart kalla inn til møte i Volda og "Sykes Venner" vart innbedde.  Sigrid Christie heldt foredrag om Røde Kors Pasientvenn arbeidet  (Molde hadde starta opp sitt arbeid i 1956) og oppmoda dei frammøtte om å stifte foreiningar i Volda og i Ørsta.

"Sykes venner" gjekk inn i  nyoppretta Ørsta Røde Kors Pasientvenner i 1963.

Det første kurset vart halde, og den 24. april 1963 vart det laga til fest saman med Volda Røde Kors pasientvenner på Forbundsheimen i Volda.  Sigrid Christie delte ut nåler og bevis til 11 Røde Kors pasientvenner frå Ørsta.  Nikka Melle var første leiar.  Leiar og nestleiar i Volda og Ørsta Røde Kors Pasientvenner vart invitert til møte på Sjukehuset i Volda.  Legar og sjukesøstre ynskte dei velkomne til arbeidet.  Arbeidsprogram og retningsliner vart drøfta, og den 3. september 1963 var første besøksdag med pasienter på Sjukehuset.

Slik byrja 50 rike år i Ørsta Røde Kors Pasientvenn arbeid.

Attersyn Besøkstenesta 50 Aar