Barnas Røde Kors (BARK) er eit aktivitetstilbud for barn, kor frivillige legg til rette for leik, samarbeid, læring og meistring.

Aktivitetane varierer frå ekskursjonar i nærmiljøet, leik, førstehjelpsopplæring og aktivitetar både inne og ute. Dette er ein fin arena for å kunne få nye venner og sosiale nettverk for barneskuleelevar. I BARK skjer dei fleste aktivitetane utendørs og barna lærer korleis dei kan bruke sitt nærmiljø på ein trygg og aktiv måte, og utnytte dei ressursane som er tilgjengelig.

Her kan alle barn -uavhengig av forutsetningar, ferdigheitar, økonomi og religion- få gode meistringsopplevingar og mange nye venner.

Idag har vi ikkje noko BARK-gruppe, men vi skulle gjerne hatt hjelp med å få i stand BARK-gruppa igjen. Dersom du er interessert i dette, ta gjerne kontakt. Vi treng hjelp med:

  • Vere til stades som ein trygg vaksen
  • Planlegge aktivitetar
  • Gjennomføre aktivitetar
  • Gjere innkjøp og forbrede enkle matserveringar.




Visst du er interessert til å vere frivelig, ta konntakt her:

Sist oppdatert 25.06.18