Støtt oss

Ein av dei enklaste måtane å støtte Ørsta Røde Kors på, er å vere støttemedlem. Meir enn 70% av medlemsavgifta går direkte til det lokale leddet.

Fyll ut kontaktskjemaet under og send inn. Skriv i kommentarfeltet om du ønskjer å vere støttemedlem eller aktiv medlem.

Om du vil vere aktiv medlem, tek vi kontakt med deg så snart vi har fått mailen.

Støtt oss via grasrotandelen

Om du tippar, kan du velge Ørsta Røde Kors som mottakar av din grasrotandel. Gå inn på Norsk Tipping sine sider og legg oss til!

Støtt oss med Vipps til 73654!

Gå inn på din vipps og trykk betale, Søk opp Ørsta Røde Kors eller skriv inn 73654. Merk betalinga di med Gåve.

Bøsser

Vi har utplassert bøsser for kontantstøtte i nokre butikkar i Ørsta der du kan legge igjen pengar. Ta kontakt om du vil ha ei bøsse i din butikk.

Adventskalender

Adventskalenderen er til salgs kvart år frå midten av November til eit stykke ut i Desember. Frå omlag 1. desember er kalenderen til sals i butikkar i Ørsta, Vartdal og på Sæbø. Ta gjerne kontakt on du vil kjøpe kalenderar i denne perioda, eller ha kalenderar som gåve til tilsette og kontakter i di bedrift.

Pantelotteriet

Trykk gjerne på Røde Korsknappen når du pantar flasker. https://pantelotteriet.no/ Noko av inntektene frå automatane i Ørsta går til Ørsta Røde Kors. Vil du at alt skal gå til Ørsta Røde Kors kan du legge pantelappen i bøssa ved kassa :)

Sist oppdatert 25.06.18