Om oss

Ørsta Røde Kors er ein av den største foreninga i Møre og Romsdal med 665 medlemar.

Ørsta Røde Kors Hjelpekorps blei stifta i 1941 og var dermed starten på Ørsta Røde Kors. Seinare blei besøkstenesta etablert i 1963. I dag består ØRK av Hjelpekorps, Omsorg og RØFF. Du kan lese om dei ulike avdelingane under aktivitetar.

Lokala våre ligg idyllisk til heilt i sjøkanten. I første etasje har vi garasje til bilar og båtar, samt depot til utstyret vårt. I andre etasje har vi møtesalar, kjøkken og kontor. Tredje etasje blir i all hovudsak utleigt til eksterne. For å lese meir om lokala og leige av lokaler, sjå under fana lokaler.

Sist oppdatert 21.02.19