Vaktoppdrag på "Urke - challenge"

Publisert 08.09.18 av Kristin Riise

Hjelpekorpset har i dag, 8. sept vore vakt på Saksa under "Urke-challenge" 2018.


7 mann frå hjelpekorpset var plassert ut over løypa. Det blei ein fin dag i sola og ingen skader.

Det var 53 løpera i konkurranseklassa og vertfall 100 i trimklassa. Beste løpar vart ein Sveitset, som arbeider 80% som bakar og 20% som konkurranseutøvar, som slo løyperekord og var under 43 minutt! Han sprang for Team Salamon.

Kort oppsummert: Ein flott dag i fjellet!

Sist oppdatert 08.09.18