UT PÅ TUR 3

Publisert 22.10.18 av Jostein Vatne

Ørsta Røde Kors Besøkstenesta hadde UT PÅ TUR laurdag 13.10.18

Turen gjekk til Standalseidet der me fekk sjå dei fine haustfargane i naturen.

Deretter reiste me til Rekkedal Gjestehus der Bjarne og Margrete tok i mot oss. Me fekk kaffi og hadde med mat. Bjarne orienterte om historia til Rekkedal Gjestehus. Nokre av turdeltakarane tok også ordet. Reiseleiar Hans Jørgen Viken hadde lagt ned eit godt arbeid med logistikken. 40 deltok på turen og alle var samd om at å treffe andre er givande, sjølv om veret ikkje var det beste.

Sist oppdatert 22.10.18