Terminliste for hjelpekorpset

Publisert 13.09.18 av Kristine Olsen

Dette er terminlista til hjelpekorpset hausten 2018. Innemøter startar kl. 19, utemøter kl. 18. Gjer vel å møt presis. Velkommen til ein triveleg og spanande haust!

Mandag 24. september kl. 19

Gruppekveld, alle gruppeleiarane møter. Dei er ansvaleg for fagleg innhald på denne kvelden for sitt fagfelt. Alle møter på møterommet om ikkje anna er avtalt, så går ein til den gruppa ein tilhøyrer. Dersom ein ikkje høyrer til noko gruppe vert ein fordelt.


Mandag 1. oktober kl. 19

Odd Staurset frå Sunnmøre alpine redningsgruppe og Per Gunnar Engtrøen frå Norske Redningshundar kjem til oss for å fortelle litt om korleis dei jobbar, øver, og kva vi kan samarbeide med dei om. Viktig at vi kjenner kvarandre.


Mandag 8. oktober NB! Kl 18

Bruk av kart og GPS på tur, praktisk bruk ute. Vi møter i turkle etter veir og føre og går oss ein tur. Er haustferie, men vi prøvar oss på tur.


Mandag 15. oktober kl. 19

Børulf Lefdal, ein av våre nødnettinstruktørar kjem å tek ein repetisjon på bruk av nødnett, valg av talegrupper.


Mandag 22. oktober kl. 19

Gruppekveld, alle gruppeleiarane møter, og er ansvaleg for fagleg innhald på denne kvelden for sitt fagfelt. Alle møter på møterommet om ikkje anna er avtalt, så går ein til den gruppa ein tilhøyrer. Dersom ein ikkje høyrer til noko gruppe vert ein fordelt.


Mandag 29. oktober kl. 19

Erlend Bae kjem til oss. Pasientundersøkelse, kva er kritisk, kva hastar mindre. Erlend er sjukepleiar og ambulansefagarbeidar. Har erfaring frå akuttmottak og ambulanseteneste.


Mandag 5. november kl. 19

Førstehjelp ute, fokus på praktisk hypotermi. Og frie luftvegar med vindvottar 😉


Mandag 12. november kl. 19

Politioverbetjent Pål Inge Olsen kjem til oss. Han vil snakke om rus, ulike rusmiddel og virkning. Og Roar Gjerde skal ha eit innlegg om førstehjelp relatert til ruspåverka pasientar.


Mandag 19. november NB ! Kl 18

Sal av adventskalendar


23.-25. november helg på Standalshytta

Program ikkje klart , men vi tek oppmøte på fredag kveld , litt mat og sosialt. Det vert JULEBORD på laurdag kveld. Og tur eller liknande på dagtid. Kjem med meir info seinare.


Mandag 26. november NB! kl 18

Sal av adventskalendar


Mandag 3. desember NB ! kl. 18

Ringøvelse ute, kle deg etter veir og vind. Ta med lykt og nødnett om du har det. Det vert servert bålkaffi og kakao. Og muliges ei pepparkake eller to 😊


Mandag 10. desember kl. 19

Fysioteraput Frode Fuglehaug kjem til oss. Han skal snakke om skiskader, særleg om muskel og leddskader. Undersøkelse og behandling.


Mandag 17. desember kl. 19

Utekino, vi viser julefilm. Ta med campingstol og varme kle . Vi serverer gløgg og popkorn. Kjem tilbake med oppmøtestad.

Sist oppdatert 13.09.18