Røde Kors-dag

Publisert 08.09.18 av Kristin Riise

Laurdag 29. september kl. 12-15 opnar Ørsta Røde Kors huset for lokalbefolkninga.


Besøkstenesta stiller med gratis svele, kaffi og saft.

RØFF stiller med gratis pølser rett frå bålpanna.

Hjelpekorpset stiller med båttur, bruskasseklatring og skal prøve å få rigge opp ein zip-line på nedsida av bygget.

I tillegg får ein sjå rundt på huset og alt utstyret som vi har arbeidd oss opp, mykje takka støtta frå lokalbefolkninga og lokalt næringsliv!

Dette er ein dag for å takke for all den gode støtta som hjelpekorpset har frå bygda, dermed er alt gratis!

Takk til Bøstrand transport som velvillig stiller opp for Røde Kors med kranbil til arrangementet!

Sist oppdatert 08.09.18