Magne Haugen fritidsfond

Publisert 02.05.21

Ørsta Røde Kors har oppretta eit fritidsfond av arva fråagne Haugen. Magne Haugen fritidsfond skal nyttast til å skape gode aktivitetar og opplevingar for barn og unge frå familiar i Ørsta som er i ein vanskeleg livssituasjon.

Kven kan søke?

  • Interne grupper i Ørsta Røde kors
  • Andre eksterne grupper/organisasjonar
  • Familiar i ein vanskeleg livssituasjon


Kva kan midlane brukast til?
Midlar frå Magne Haugen fondet skal gje moglegheit for:

  • Gode aktivitetar og opplevingar
  • Sosialt samvær
  • Nettverksbygging
  • Pusterom til barn og unge

Støtte frå fondet skal bidra til at familiar i ein vanskeleg livssituasjon skal sleppe å bekymre seg for kostnadar forbunde med aktivitetane.


Korleis søke om midlar?
For å søke om støtte frå Magne Haugen fritidsfond må du nytte digitalt søknadsskjema eller sende ein kortfatta skriftleg søknad per e-post til kjell.eikebo@rodekors.org. Det er ingen søknadsfrist. Vi oppmodar om å søke minst 4 veker før aktiviteten, slik at vi skal få tid til å behandle søknaden.


Søknaden må innehalde følgande:

  • Generell informasjon om arrangør og kontaktinformasjon
  • Skildring av aktivitet
  • Skildring av målgruppa for aktiviteten
  • Enkelt budsjett

Det er krav om rapportering i etterkant av gjennomført aktivitet.


Har du spørsmål? Ta kontakt!

Kjell Bjarne Eikebø

47600667

Unn Frøland

99239751

Wenche Aasen

97044394

Katrine Østgaard

97099223

Maria Engeseth

41044760

Sist oppdatert 02.05.21