Hjelpekorpset kursar seg i førstehjelp i fjellet.

Publisert 06.01.19 av Børulf

Kurshelg på Standalshytta med turlegen.no

Første helga i 2019 fekk vi Erling Rosenstrøm frå turlegen.no til å kome og halde eit kurs med fokus på førstehjelp basert på enkelt utstyr dei fleste har med seg i sekken. Hjelpekorpset har mykje godt utstyr, men det er som regel ikkje med når vi går på fjellet kvar for oss. Denne kurshelga hadde fokus på kva vi har og bør ha med i sekken av enkelt utstyr og korleis ein kan redde liv på fjellet med dette. Vi gjekk blant anna gjennom undersøking av pasient, stansing av store blødningar, innpakking av pasient, reponering av brudd, frostskader, sårskader og mykje anna. Vi var store delar av helga ute og øvde på mange ulike scenarioer. Været var perfekt øvingsvær med regn, vår snø, kulde og skodde. Takk til turlegen.no for eit kjekt og lærerikt kurs.

Behandling av nakkeskade

Mykje vær på Standalseidet

Scenario øvingar

Undersøking av pasient

Kursdeltakarane

Skylling av sår ved hjelp av ein brødpose.

Reponering av legg.

Djupfrosne pølsefingrar som skal tinast

Frie luftvegar

Stansing av blødning ved å stappe gasbind i såret.

Sist oppdatert 06.01.19