Det veks i Grasrota

Publisert 10.01.18 av Arnfinn Mork

Ørsta Røde Kors med storeslem i grasrotandelen

Dette var overskrifta i ein artikkel i Mørenytt 13 januar 2018


Grasrotandelen

I fleire år har Ørsta Røde Kors hatt heilt klart flest støttespelarar av Norsk Tipping sine brukarar blant dei frivillige organisasjonane i Ørsta og Volda. Dette resulterer i den heilt klart største summen som vert utbetalt. 453 gjevarar har bidrege med 160.280,- kroner til Ørsta Røde Kors i 2017. Og dette held fram no i 2018, klipt frå epost frå Norsk tipping som Ørsta Røde Kors sine grasrotmottakarar mottek i desse dagar: "På vegne av Ørsta Røde Kors vil Norsk Tipping takke for ditt bidrag gjennom Grasrotandelen. Din grasrotmottaker Ørsta Røde Kors har mottatt 71,895 kroner så langt i år, det er midler som bidrar til at de kan fortsette sitt verdifulle arbeid." Grasrotandelen er no ei av dei viktigaste inntektskjeldene me har, og går til å støtte drifta av Omsorg, RØFF, Hjelpekorps, Røde Kors Huset og dei andre aktivitetane i Ørsta. Ørsta Røde Kors er audmjuke og overvelda av støtta som folk i Ørsta viser oss og er veldig takksame for støtta! Som ein kan sjå av tala er det nok ikkje dei mest hardnakka storspelarane som har oss som sin favoritt. Eitrefjell Telemarkklubb sine gjevarar bidreg med over 1000,- kvar og dersom våre gjevarar hadde vore like flittige å tippe hadde me fått inn tett på ein halv million :)

Sist oppdatert 07.05.18