Godt oppmøte på møte om snøskred og trygg ferdsel.

Publisert 11.11.18

Søndag 11.november arrangerte Hjelpekorpset møte om snøskred og trygg ferdsel i samarbeid med Christer Lundberg Nes.

Første del av møtet var inne på Røde Kors lokalet der Roar Gjerde gav først ein kort presentasjon av Volda/Ørsta Røde Kors Skredgruppe.

Deretter heldt Christer eit foredrag om ferdsel i skredterreng og teorien bak skikompisprinsippet. Chister har i år gitt ut den andre utgåva av boka Skikompis.

"Skikompis er boka som viser deg korleis du kan ferdast tryggare i vinterfjellet. Her lærer du å forstå terrenget, snøen og vêret, slik at du unngår farlege situasjonar. Boka gir også rettleiing i effektiv kameratredning om uhellet er ute. Boka er nytta som pensum mellom anna i skredkursstigen til Norsk Fjellsportforum, og på ulike friluftsutdanningar på høgskule/universitet." (Sitat frå www.skikompis.no )

Det var 55 personar som møtte opp og fleire av dei nytta høvet til å kjøpe både boka og adventskalenderen til hjelpekorpset.

Andre del av møtet var ein praktisk del ute på badestranda på Vekslet.

Ca. 25 personar fekk ei grunnleggande innføring i bruk av skredsøkar.



Sist oppdatert 11.11.18