Adventskalenderen er i sal

Publisert 11.11.20 av Hege Flø

Årets adventskalender er i sal!

I år blir det ikkje sal av adventskalender på døra di.

Kalenderen får du på lokale daglegvarebutikkar i Ørsta, på stand på ALTI, kjøp den med hjelpekorpsmedlemmar eller bestille den på VIPPS.

Kva butikkar og kva tid vi står på ALTI, blir annonsert blandt anna på Facebooksida vår. Om du ynskjer å bestille kalenderen, går du inn på vipps og skriv inn vipps id 634956 (Ørsta røde kors adventskalender) og vippsar 200,- per kalender du ynskjer levering på. Skriv adressa di i meldingsfeltet, så leverar vi den på døra di!

Adventslotteriet er hovudinntekta til hjelpekorpset og inntektene frå denne gjer at vi kan oppretthalde den gode beredskapen.

Vi har gode smittevernsrutinar når vi behandlar kalenderen.


Sist oppdatert 11.11.20