Dette er ein liten test av førstehjelpskunnskapane dine.

Svar så godt du kan på spørsmåla og sjå kor mange rette du klarar.

Foreløpig antal spørsmål i databasen = 60
Spørsmål nr. 1
Ein laushund bit Katrin i foten og det gjer skikkeleg vondt.
Hundebitet går igjennom huda.
Kva bør Katrin gjere?
Alt. 1: Hundebit skal alltid behandlast av lege.

Alt. 2: Hundebit skal behandlast med stivkrampevaksine.

Alt. 3: Faren med hundebit er først og fremst rabies.
Rabies er ikkje påvist i Noreg så hundebit treng ikkje legebehandling.


Spørsmål nr. 2
Martha er ute aleine og hentarblåbær på hytta.
Ho blir biten av ein hoggorm i foten.
Kva bør Martha gjere?
Alt. 1: Ho bør springe heim så fort ho kan og varsle foreldra.

Alt. 2: Rope om hjelp og få andre til å bære henne heim, kjem ikkje hjelpa kan ho gå roleg heim.

Alt. 3: Ho kan plukke ferdig blåbæra, men bør unngå å springe.


Spørsmål nr. 3
Kay har sjølvplukka sopp til middag.
Dagen etter har han vondt i magen.
Resten av familien er i fin form.
Kva gjer du?
Alt. 1: Sender han på sjukehus.

Alt. 2: Gjev han mykje mjølk å drikke

Alt. 3: Ventar, det går nok over av seg sjølv.


Spørsmål nr. 4
Du er på veg til jonsokbålet når du snublar og må ta deg føre med handa i bålet.
Kva gjer du?
Alt. 1: Kjøler handa med iskaldt vatn i eit par minutt.

Alt. 2: Kjøler handa med lunka rennande vatn i minst 15 minutt.

Alt. 3: Grillar ferdig og smør handa med fuktighetskrem etterpå, det er førstehjelp nok.


Spørsmål nr. 5
Du finn ein person som har segna om på bakken.
Personen er ved medvit.
Er det riktig eller galt å plassere personen i sideleie?
Alt. 1: Riktig

Alt. 2: Galt


Spørsmål nr. 6
Heitekramper kjem av at vi inntek vatn, men ikkje erstattar salttapet.
Riktig eller galt
Alt. 1: Riktig

Alt. 2: Galt


Spørsmål nr. 7
Ei utslått tann skal alltid leggast i vatn og takast med til tannlegen.
Riktig eller galt?
Alt. 1: Riktig

Alt. 2: Galt


Spørsmål nr. 8
Bernt åpnar eit brev frå likningskontoret.
Han dett og slår hovudet i golvet.
Han blir liggande utan å røyse seg.
Kva skal ein gjere aller først?
Alt. 1: Ringe etter ambulanse 1-1-3

Alt. 2: Ein avventar og ser om han kviknar til.

Alt. 3: Prøver å få kontakt med han for å sjekke om han er medvitslaus.


Spørsmål nr. 9
Smerter i magen etter ei ulukke betyr som regel at personen har ei indre blødning.
Riktig eller galt?
Alt. 1: Riktig

Alt. 2: Galt


Spørsmål nr. 10
Når ein vaksen person blir plutseleg kraftlaus eller slapp, kan det vere eit teikn på alvorleg hjartesjukdom og ein skal ringe 1-1-3.
Riktig eller galt?
Alt. 1: Riktig

Alt. 2: Galt






Testen er utarbeidd av Knut Arne Nygård for Ørsta Røde Kors.