Hjem /  / Arkiv for denne kategorien 'Aksjonar'



Arkiv for denne kategorien 'Aksjonar'

Rapportar frå rednings- og leiteaksjonar.
Her vil det også bli oppdatert live under pågåande aksjonar.




30.07.2010 - 14:46 h | Skrive av Knut Arne Nygård i Aksjonar | 0 Kommentarar

Oversikt over aksjonar i området vårt somaren 2010.

3. juli, Molladalen:
Natt til 3. juli vart det sett i gong ein redningsaksjon i Molladalen.
Sunnmøre Alpine Redningsgruppe måtte hente ut ei gruppe klatrarar frå Mohns topp.
Hjelpekorpset stilte med utstyr, og var i beredskap, men vart ikkje kalla ut.

Les meir i Sunnmørsposten


20. juli, Sørestranda:
Tysdag 20 juli vart det iverksett ein leiteaksjon etter ein mann sakna frå Mork senter.
Siste antatt sikre observasjon var på Sørestranda, så leitinga vart starta i det området.
Det vart planlagt søk frå bil og båt.

Ca 10 stk frå ØRKH var i ferd med å rykke ut då det vart meldt om at den sakna var funnen i god behold i området ved Selbervika.


27. juli, Sykkylven:
Ein 80 år gamal mann var sakna frå bustaden sin i Sykkylven.
ØRKH rykte ut med tre mann i båten som låg i småbåthamna, og ein mann i mannskapsbilen med båthengar.
På fergeturen til Hundeidvik fekk underteikna beskjed via mannskap frå FIG, som var på same ferga, at aksjonen var avblesen.
Vi snudde då på Hundeidvik.
Båten var då komen til Vartdal.
Mannen vart funnen i god behald av redningshelikopteret.

Les meir i Sunnmørsposten
Artikkel i Møre Nytt:
Klikk her for større bilete


30. juli, Slogen:
Kl.01.30 vart Møre og Romsdal RKH varsla frå sunnmøre politidistrikt om to personar som ikkje var komne ned frå tur opp til Slogen frå Union Hotel, Øye.
Pga at ferga på Sæbø ikkje går på nattetid vart Stranda RKH varsla først, ØRKH skulle varslast når ferga begynte å gå igjen.
8-9 personar frå Stranda RKH var klar til å setje i gong leiteaksjon.
Dei sakna personane vart funne av ein kjentmann kl. 0200.

Les meir i Sunnmørsposten


 

31.05.2010 - 16:53 h | Skrive av Knut Arne Nygård i Aksjonar | 0 Kommentarar

Leiteaksjonen er no avslutta.

Totalt var over 120 personar registrert på listene våre.
Ørsta Røde Kors vil gjerne rette ein stor takk til alle som var med og hjelpte oss under aksjonen.

Les meir i Møre, Sunnmørsposten eller NRK.
Nyhetssending frå NRK


 

05.04.2010 - 21:32 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Ca. klokka 1800, 2'dre påskedag, vart korpsleiar varsla om at ein mann hadde skada kneet på ein tur til Brekkeheida.
Det skulle vere behov for skutertransport.

Børulf hadde ikkje returnert tilbake til garasja etter vakt på Bondalseidet, og kunne dermed rykke raskt ut til Mosmarka for å møte ambulansen.
I Mosmarka var også Kristian Yksnøy og Torgeir Raknes. Torgeir starta å gå opp mot Brekkeheida, og Kristian vart med Børulf som kjørte til Brudavollen for å ta seg opp på Brekkeheida med skuter.

Etter å ha "studert" skogbilvegane kom Børulf og Kristian seg opp på Brekkeheida og lokaliserte den skada ca 40 høgdemeter under oss. Torgeir kom like etter. I det vi var klare til å ta oss ned til den skadde med pulk, kom SeaKingen frå Florø. I samråd med SeaKing stod vi standby og avventa om SeaKingen ikkje klarte å heise opp den skadde.

Den skada vart raskt heisa opp og vart floge til Ålesund Sjukehus.

Ca. 1930 returnerte vi til Røde Kors lokalet.

Jarle Steinar, Per Helge, Torbjørn og Knut Arne deltok også i aksjonen.



Sea King DSC00161




 

04.05.2009 - 21:44 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Leiteaksjonen i Fosnavåg vart avslutta mandagskveld etter at den sakna vart funnen omkomen av dykkerar.

Ørsta Røde Kors Hjelpekorps har delteke med mannskap og utstyr under heile aksjonen.

Natt til søndag vart Knut Arne, Bernt Arve og Børulf med.
Søndag var Knut Arne og Lena med.
Mandag var 7-8 stk frå ØRKH med i leitinga

Ørsta Røde Kors Hjelpekorps sin repeater stasjon vart tidleg satt opp ved Herøy kyrkje for å kunne gi sambandsdekning i heile søkeområdet.

Presse om aksjonen:
http://www.heroynytt.no/nyhet.cfm?nyhetid=2188
http://www.smp.no/article/20090504/NYHETER/880651257/1002

 

15.04.2009 - 06:16 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Klokka 0237 fekk distriktsvakta til Møre og Romsdal Røde Kors anmodning fra Sunnmøre PD, søk etter savnet gutt 18 år i Ulstein.

Klokka 0255 vart Ørsta RKH kontakta via sin alarmtelefon.

0305 vart det sendt ut UMS frå ØRKH


Børulf, Bernt Arve og Knut Arne reiste ut ca. klokka 04:00 og vart satt til å søke området til Ulstein Verft.
Vidar Johan var også på veg, men måtte snu på grunn av trailerulykka ved Flåskjer.

Industrivernet ved Ulstein Verft vart også kalla ut, og skulle bistå ØRKH i søkearbeidet på verftsområdet.

Ca. klokka 05:00 vart aksjonen avslutta, etter at den sakna kom til rette.


 

12.04.2009 - 14:46 h | Skrive av Knut Arne Nygård i Aksjonar

Laurdag 11 april (påskeaftan) litt før kl. 17:00 fekk Volda RKH forespørsel frå politiet om å foreta eit søk.

Ein mann var funnen omkomen i Elvadalen i Volda og politiet ville at Hjelpekorpset skulle foreta eit søk i/ved elva etter vedkommande sine eigedelar.

7-8 personar frå Volda og underteikna frå Ørsta vart med på søket.

To med tørrdrakt søkte i elva, og resten søkte på land og i elva med vasskikkertar.

Etter ein knapp time var to eigedelar funne, og søket vart avslutta.

Mre.no

Sunnmørsposten


 

17.03.2009 - 20:46 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Leiteaksjonen i Ørsta er avslutta etter at den sakna vart funnen av dykkerar ved kommunekaia.

Ørsta Røde Kors Hjelpekorps vil takke alle frivillige, firma, båtførarar og andre hjelpekorps for den store innsatsen som alle har utført.



 

21.02.2009 - 21:31 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Seint fredag 20. februar vart ØRKH utkalla til å delta i ein leiteaksjon etter ei sakna kvinne i Volda.
Leitinga vart avslutta for natta ca klokka 2. Klokka 8 laurdagsmorgon vart aksjonen gjennoppteken.

ØRKH deltok frå morgonen til aksjonen vart avslutta ca klokka 14:30.

Link til smp.no
Link til mre.no

 

03.10.2008 - 19:23 h | Skrive av borulf i Aksjonar

I 19 tida, fredag 3. oktober, vart korpsleiar Odd Jarle kontakta av operasjonssentralen, med melding om at ein båt hadde velta på Vatnevatnet.
Ørsta Røde Kors Hjelpekorps vart bedt om å rykke ut med gummibåten.
Odd Jarle rakk å varsle Børulf, før politiet meldte at alle ved Vatnevatnet var på land i god behold.
Børulf kunne returnere heimatt, før han var komen inn på Røde Kors lokala.

Sak på Sunnmørsposten si heimeside.

 

15.09.2008 - 04:22 h | Skrive av Knut Arne Nygård i Aksjonar

Sunnmørsposten.

Ulstein stillte med ca 10 personar, Volda med 9 og Ørsta med 1-ein.
Søket vart avslutta for natta 03:00, men vil bli igongsett igjen for fullt mandag føremiddag 10:00.
Oppmøte ved Herøy lennsmannskontor.

15:20:
Avreise frå Ørsta for dei som kan vere med er 16:30 på Røde Kors huset.

16:20:
Aksjonen avslutta.

 

18.08.2008 - 03:01 h | Skrive av Knut Arne Nygård i Aksjonar | 0 Kommentarar

01:30 natt til mandag 18. august vart det sett i gong ein leiteaksjon etter to personar som søndags ettermiddag skulle ein tur på Romedalstinden.
Siste kontakt med personane var ei mobiltelefonsamtale i 9-tida på kvelden. Dei var då på veg ned, men var litt usikre på vegvalet og det var begynt å mørkne.
Ei søkepatrulje frå Røde Kors vart sendt framover mot Steinstølen, der bilen deira stod for å setje i gong søk med lys og fotpatruljar.
Denne patruljen møtte då personane på Kubbestøylen på veg nedover med bilen, dei hadde då ikkje hatt mobildekning og difor ikkje fått gitt beskjed om at dei var i god behald.
Det var også gjort klar for å sende ei patrulje mot Ytre Standal for å søke framover dalen der.

11 personar frå Røde Kors, to frå politiet og ein kjentmann var på plass.
Aksjonen vart avslutta ca 02:15.

 

12.04.2008 - 18:17 h | Skrive av borulf i Aksjonar

På ordre frå politiet har Ørsta Røde Kors Hjelpekorps utført ein leiteaksjon etter ei kvinne på Urke.

På oppfordring frå polititet gjennomførte Bente, Veronika og Knut Arne eit båtsøk frå Leknes innover mot Maude på torsdag.
Volda utførte også søk på sørsida av fjorden.
Børulf og Lena utførte fredag eit søk, Hustadneset - Skår - Stålbergneset - Stennes - Maude - Leknes.
Volda RKH utførte tilsvarande søk fredagskveld.

Laurdag 19. er sivilforsvaret kalt ut for å foreta søk.

Søndag var Bernt Arve og Knut Arne ute og foretok eit nytt søk frå Leknes og innover mot Maude då vi i 18 tida fekk telefon frå Odd Jarle.
Det var då gjort eit funn av ein kajakk padlar ved Ekornes i Sykkylven.
Den funne er enno ikkje identifisert som den sakna, men ingen andre personar er meldt sakna i området.
Sunnmørsposten



Sak på smp.no

Status klokka 23:00: (12.april)
- søket er enno resultatlaust.
- delar av mannskapet er dimmitert for natta, slik at desse kan stille søndagsmorgon.
- punktsøk vil pågå gjennom natta.

13.april:

Status klokka 10:00:
- fullt søk er i gang.
- 20-25 leitemannskap frå Ørsta, Volda og Stranda Røde Kors Hjelpekorps er med.
- 3 hundar frå Norske Redningshunder har vore i søk i natt, og har no teke ei pause.
- 2 hundar frå Norske Redningshunder har nyleg kome med i søket.
- 2 båtar frå Ørsta og Volda Røde Kors Hjelpekorps er med i søket.
- Redningskøyta har kome til staden og skal sette igang søk med undervannskamera.
- nye leitemannskap kjem til etterkvart.

Status klokka 11:30:
- Alle hjelpekorps på Sunnmøre vert no varsla.
- Ny varsling til heile Ørsta Røde Kors vert sendt ut.
- Alle som har anledning vert bedne om å møte på Urke.

Status klokka 12:30:
- ca. 40 leitemannskap er på veg frå hjelpekorpsa i Ålesund, Spjelkavik, Sykkylven og Stranda.

Status klokka 14:25:
- ca. 45 leitemannskap i gong med søk. Ålesund, Spjelkavik, Sykkylven og Langevåg er komne inn i aksjonen.

Status klokka 15:31:
- ca. 63 leitemannskap i gong med søk.

Status klokka 17:40:
- ca. 80 leitemannskap i gong med søk. Planlegg strandsøk med båt utover Hjørundfjorden mot Festøy
- Mannskap som vil reise heim blir dimmitert.
- Det meste av strekninga Urke - Leknes er gjennomsøkt, men aksjonen vil halde på til mørkets frambrudd (ca 21:30).

Status klokka 20:00:
- søket er enno resultatlaust.
- heile Urke og Leknes har vorte gjennomsøkt.
- 6 båtar har søkt strandkanten rundt heile Nordangsfjorden.
- 3-4 hundeekvipasjer frå Norske Redningshunder har vore med i søket
- over 80 leitemannskap frå Ørsta, Volda, Stranda, Ålesund, Spjelkavik, Sykkylven og Langevåg Røde Kors Hjelpekorps har delteke.
- redningsskøyta har søkt ved alle kaier med dykker eller undervannskamera.
- alle leitemannskap avsluttar no søket for kvelden.


Bilde frå aksjonen, klikk her.




.Kart over Urke

 

22.03.2008 - 18:24 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Ca. 17:00 vart skredgruppa satt i aksjon ettersom det hadde gått eit snøskred ved Kyrkjesætra i Stryn.

Det var i utgangspunktet observert 2 skispor inn i skredet.

Ca. 17:30 vart Helge Rørstad og Jan Peder Hoggen plukka opp frå Ørsta/Volda lufthamn, Hovden.
Dei vart flogne inn til skredet, og kunne slå fast, frå lufta, at det ikkje var skispor inn i skredet.
Aksjonen vart då avslutta.

Fleire av skredgruppa sine medlemar stod i beredskap på flyplassen.

Sak på NRK.no

 

21.03.2008 - 23:44 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Seint på langfredag vart det sett i gong ein leiteaksjon etter ein 75 år gamal mann i Volda sentrum.
Han var sakna frå sjukehuset.

Aksjonen vart avslutta 01:28, etter at den sakna vart funnen i god behald.

10-12 stk. frå Ørsta Røde Kors Hjelpekorps stilte som leitemannskap.

Sak på smp.no

 

07.03.2008 - 08:04 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Tidleg fredagsmorgon fekk korpsleiar melding om at det pågår ein leiteaksjon på Lerstad i Ålesund.
Ein 29 år gammal mann var sakna frå Ålesund Sjukehus.

Ettersom ØRKH har mange personar som er innvolvert i Fagkurs skred 2008 på Standalshytta, var det ikkje mogleg å få sendt avgarde leitemannskap frå morgonen av.
Leiteaksjonen vart avslutta i løpet av formiddagen..

Sak på smp.no

 

03.03.2008 - 20:32 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Ca. klokka 11 vart korpsleiar varsla om at det skulle settast igang leiteaksjon etter ei sakna jente (17) på Hareid.
Saman med Langevåg så vart Ørsta Røde Kors Hjelpekorps bedne om å stille mannskap, ettersom Ulstein RKH er for tida tekne ut av beredskap.

Etterkvart møtte 10-12 stk på Røde Kors lokala. Mannskapsbilen måtte rekvirerast frå Standalshytta, ettersom den var der ifm. Fagkurs skred 2008.

Den sakna jenta vart litt før klokka 12:30 funnen i god behold. Dei første frå ØRKH hadde då akkurat forlete lokala, og var på veg mot Hareid.

Sak i Vikebladet

 

10.02.2008 - 09:28 h | Skrive av borulf i Aksjonar | 0 Kommentarar

Seint laurdagskveld vart korpsleiar kontakta av HRS om at det var behov for skutertransport av en person ved Riisesætra i Bondalen (Rognestøyldalen).
Børulf rykte ut, saman med ambulansepersonell frå Volda, og fekk henta pasienten ned frå sætra.
Oppdraget vart løyst i løpet av 2 timar.

 

07.01.2008 - 08:39 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Rapport frå skredulykke på Kirketinden 05.01.2008.

Kart ref : 32V 035 1888 690 2558

700 meter over havet.

skred.jpg

Foto: 330 skvadronen. Kontrast justert.
Rød linje: Bruddkant
Lilla linjer: Ski spor inn i skredet
Gul sirkel: Funn stad.
Grafikk: Børulf


Ein mann (53 år) frå Ørsta vart meldt sakna etter at han ikkje kom heim etter ein skitur.
Han gjekk heimanfrå kl 12 og skulle etter planen vere tilbake kl 15, han gjekk åleine og målet var den 1070 m høge Kirketinden. Kl 17 vart familien uroleg og meldte vedkomande sakna. Den sakna vart funnen omkomen i eit flakskred søndag 6. jan kl 10.

Volda/ Ørsta Skredgruppe, hjelpekorpsa i Ørsta og Volda og Norske Redningshunder (NR) vart varsla ca kl 1730.
Ambulansehelikopteret frå Ålesund var ikkje tilgjengeleg, så aksjonen vart sett igang utan helikopter. Bandvogn frå den lokale langrennsgruppa og snøskutarar vart istaden brukt for å transportere personell høgast mogleg opp i terrenget.

Ei skipatrulje samansett av folk frå skredgruppa og hjelpekorpsa tok seg raskt opp til munninga av Skytjadalen, normalvegen til Kirketinden går her.
Redningshelikopter frå 330 skv på Ørlandet kom ca kl 20, dei tok ei rask rekognosering i området før dei tok med to frå skredgruppa og fortsatte å søket til omlag kl 22. Pga den sterke vinden (stiv til sterk kuling) var det vanskelege flygeforhold for helikopteret og det var umogleg å sette ned mannskap i Skytjadalen eller i sida opp imot Kirketinden.

Frå lufta vart det observert 2-3 mindre skred i det aktuelle søkeområdet, der eit av desse skreda hadde gått i normalvegen til Kirketinden. Frå lufta var det ikkje råd å observere verken spor inn i skredet eller gjenstander i skredet. Det vart også konstantert at det hadde gått eit mindre skred frå Austryggen av Vallahornet, dvs i den traseen ei skipatrulje må følgje for å gå inn til skredet.

Sjølv om vedkomande hadde sagt at han skulle på Kirketinden, vart ikkje andre søkeområder utelukka. Det vart sendt ut snøskutarar som skulle prøve å ta seg opp på Vallahornet, både for å søkje i dette området, men også for å evt søkje med lysutstyr ned i Skytjadalen og mot Kirketinden frå ryggen mellom Vallahornet og Saudehornet. Seinare vart også dette området søkt til fots. Det vart også søkt i skogsområdet frå bebyggelsen på Vallabøen og opp mot fjellfoten.

Ved midnatt kom ambulansehelikopteret frå Ålesund og søkte primært i områder som Seakingen ikkje hadde fått dekkt. Dette helikopteret utelukka også å sette ut folk i terrenget under dei forholda som var.

I samråd med politiet vart det tatt besluttning om ikkje å gå inn i det mest aktuelle leiteområdet før det vart dagslys søndag morgon. Det aktive søket vart avslutta ca kl 03, samstundes med at det vart utplassert lytteposter i området.

Søndag morgon gjekk 6 personar frå skredgruppa ilag med to hundeekvipasjer frå NR inn til skredet så snart det vart dagslys. Samtidig flaug Seakingen inn 4 personar frå skredgruppa og ein hundeekvipasje frå NR. Omlag kl 10 vart det gjort funn under overflatesøket i skredet. Den omkomne låg frå 40-70 cm under overflata, med føtene nærast overflata og overkroppen lengst under.
Skredet var omlag 90x120m (bXh) og alt tyder på at den skredtatte har sjølv utløyst flakskredet. Då han vart funnen hadde han feller på skia og også andre spor gjer at vi med sikkerheit kan sei at han løyste ut skredet på veg oppover. Hellinga i losneområdet er ca 35 gr. Bruddkanten ser ut til å vere 20-40 cm høg på søndag, men det er sannsynleg at det er lagt igjen ein god del snø nedanfor bruddkanten iløpet av natta pga vindtransport. I skredet var det snøblokker med størrelse opptil 1 kbm.
Kartreferanse til funnstaden er 32V 035 1888 690 2558.

I dette området er det mellom 1 og 1,5m snø, siste veka har det vore kaldt (5-8 kuldegrader 700 moh). Siste døgnet var det sterk vind 15-25 m/s frå søraust. Utifrå dette og observerte skred er skredfaren vurdert til å vere grad 3.
Det har også gått eit mindre skred rett ved sida av skredet den omkomne vart funne i, sannsynlegvis har det gått i same tidsromet. På søndag observerte også gruppa som gjekk på ski inn at det var gått eit nytt skred i ruta inn i dalen, dette bekrefter at besluttninga om ikkje å gå inn om natta vart korrekt.

Jarle Steinar Bjørdal
Volda og Ørsta Røde Kors skredgruppe.

Bilder frå skredet.

Link til oversiktsbilde av fjellpartiet. (www.iriss.no)

Videoklipp som viser vind/vær forholda frå Skåla/Saudehornet laurdag 05.01 ca 11:50

 

06.01.2008 - 11:30 h | Skrive av Knut Arne Nygård i Aksjonar | 0 Kommentarar

Aksjonen er no avslutta, meir info vil kome her etter kvar.
Den sakna Even Hovde frå Ørsta vart funnen omkomen i eit ca 90*120 meter stort skred på austsida av Skytjådalen.
Funnet vart gjort klokka 10:02 av mannskap frå den lokale skredgruppa og Norske redningshundar som vart flogne inn i skredet med Sea King helikopteret.

Med på aksjonen var 52 personar frå Ørsta, Volda, Stranda og Rauma Røde Kors hjelpekorps, 5 personar + hund/hundeførar frå politiet og 4 hundar m/førarar frå Norske redningshundar.




Lensmann Guttorm Hagen opplyser at Even Hovde sine pårørande er svært takksame for innsatsen til alle som tek del i aksjonen.
Lensmannen har igjen sett at Ørsta og Volda har svært god friviljug og offentleg beredskap.
Politimeister Arne S. Karoliussen ber lensmannen helse alle som tok del.

Lensmann Hagen trur Hovde vart teken av skred laurdag ca. kl. 1330.
Han var på veg opp mot Kyrkjetinden då han vart teken av skredet.


 

21.11.2007 - 21:04 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Mandag 19. november vart det i 20 tida satt igang ein leiteaksjon etter ei eldre dame i området Engeset/Nupen -Vallasætra.

2 skuterpatruljer vart raskt sendt ut. Ei frå Mosmarka og ei frå Nupen.
Desse søkte raskt opp langs sætrevegane til sætrane.
Luftambulansen kom med i søket i nitida.

Skuterpatruljane gjorde ingen funn, utenom eit fotspor som gjekk over Fyldalsheida.
Dette vart sjekka av luftambulansen.

Etterkvart kom ialt 40-50 personar frå Ørsta og Volda Røde Kors hjelpekorps og 5 mann frå politiet med i aksjonen.
2 hundepatruljer frå Norske Redningshunder og 1 politihund vart også satt inn i søket.

Sea King redningshelikopter kom med i aksjonen litt før midnatt og avløyste luftambulansen.

--------------------------------------------------------------------------------

På bakgrunn av innkome tips vart det sendt ut ein bil-patrulje som søkte over Standalseidet, og klokka 00:18 vart den sakna funne i god behold ved Standal!!

Bildealbum frå aksjonen.

 

14.11.2007 - 20:32 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Tysdag kveld vart hjelpekorpset varsla om at ein skulle sette igang en leiteaksjon etter en sakna mann, busett i Volda

Dei første timane vart det utført søk etter den sakna sin bil. Ørsta RKH fekk i oppgåve å søke Ørsta sida av Berknes halvøya.
Etter at bilen vart funnen i Volda sentrum, vart det iverksett søkekjeder langs elvadalen og strandlinja.
Det var ei patrulje frå Volda og Ørsta Røde Kors som fann den sakna i sjøen.
Mannen hadde drukna.

Sak frå Sunnmørsposten

Frå Ørsta Røde Kors Hjelpekorps deltok:

Odd Jarle
Sindre
Torgeir
Terje
Kjell Martin
Veronica
Knut Olav
Bernt Arve
Per Helge
Arve
Børulf

 

22.10.2007 - 17:07 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Under ein leiteaksjon i Spjelkavika vart ein mann funnen død, ved 13:00 tida, av ambulanse helikopteret.
Store mannskapstyrker deltok i søket.
Røde Kors mannskap (40-50 stk) frå Spjelkavik, Ålesund, Langevåg, Sykkylven, Stranda, Volda og Ørsta deltok.
Sivilforsvaret og Norske redningshunder var også med.

Frå Ørsta deltok Odd Jarle, Knut Arne, Bernt Arve, Kjell Martin, Sindre og Børulf
Vi fekk beskjed om aksjonen kl. 06:07 om morgonen, og fem personar møtte opp 07:30 på Røde Kors huset.
Vi tok 08:15 ferga frå Festøya og var på plass ved Spjelkavik Røde Kors like etter 08:30.
Etter ein del venting fekk vi klarsignal frå politiet og sette i gong søk på nordsida av Lærstadvegen rundt 10:00.
Terrenget var blanda, med ein del bebyggelse iblanda ein del tett kratt og bratte bakkar.
I 13:00 tida vart aksjonen avslutta og alle trekte seg tilbake til Ko.
I 16:00 tida var vi tilbake i Ørsta igjen.

Bildealbum.

 

03.10.2007 - 09:39 h | Skrive av Knut Arne Nygård i Aksjonar

Rapport frå redningsaksjonen til Grauthornet 1 oktober 2007 ligg no på medlemsdelen av forumet vårt.
.

 

11.08.2007 - 22:41 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Seint laurdag 11. august fekk Odd Jarle melding om å sette igang leiteaksjon etter en sakna tysk turist i Bjørkedalen.
Odd Jarle rakk berre å varsle undertegna før det kom melding om at den sakna var komen til rette.


Børulf

 

03.08.2007 - 17:33 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Litt før 14:00 vart hjelpekorpset varsla om at ei kvinne hadde gått seg fast i Olavshola.
Ho trengde hjelp for å kome seg ned.

Vidar Stokke, Arve Rødvik og Monika Riise, som var i Bondalen, vart raskt varsla og starta å gå opp i Olavshola før klokka var 14:30
Knut Arne Nygård reiste frå Ørsta med Pajero og depothengar, slik at utstyr skulle vere tilgjengelig.
3 stk frå Sunnmøre Alpine Fjellredningsgruppe rykkte også ut frå Ørsta.

Vidar kom først opp og fekk lokalisert og kontakta kvinna, Arve og Monika kom like etter.
To klatrarar frå SAR var nesten på veg opp, men vart stoppa då vi fekk bekrefta at helikopter var på veg frå Ålesund.
Dei to vart då flogne opp til basen oppe i Olavshola.
Derifrå vart dei flogne opp til ein plass over der kvinna stod fast.
Etter å ha teke seg fram så langt dei kunne til fots fekk dei bolta seg fast og firt seg ned til kvinna.
Etter å ha fått sikra kvinna vart det bestemt at det enklaste var å ta henne oppover og rundt ned til helikopteret.

17:50 landa helikopteret med kvinna på skuleplassen på Sæbø og aksjonen hadde dermed fått ein lukkeleg slutt.



Kommentarar kan leggast her.(obs, ope forum)

Logg m.m.

Aviser/Saudehornet_rett_opp_2007_More_Nytt.jpg

 

02.06.2007 - 16:56 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Laurdag 2. juni. fall ein person ned ei sprekk mellom breen og svaberget ved Stryn sommarskisenter.
Ulykka vart varsla klokka 1445.

Klokka 15:30 vart mannskap frå Sunnmøre Alpine Redningsgruppe plukka opp på Hovden av ambulanse helikopteret frå Ålesund.
Roar Saure, Pål Ryslett, Tore Mork, Jon Hjorthaug, Jarle S Bjørdal og Stig Helset var med.
Desse vart då flogne inn til Stryn sommarskisenter, men vart ikkje satt på bakken ettersom den skadde allereie var berga opp.
Dombås helikopteret flaug den skadde til Trondheim.
Klokka 16:20 returnerte ambulanse helikopteret til Hovden.

Artikkel på VG nett.
Artikkel på Firda.no
Artikkel på smp.no

 

10.04.2007 - 17:20 h | Skrive av borulf i Aksjonar | 0 Kommentarar

Seint mandagskveld (9.april) vart korpsleiar Odd Jarle varsla av Roar i Volda Røde Kors om leiteaksjon i Dalsfjordfjella.

Ein skiløpar hadde gått på tur frå Sørdalen i Vanylven og i retning Åmelfot.
Terje Stokke og Sindre Myklebust frå Ørsta reiste innover med kvar sin skuter.
Frå Volda stilte Roar Gjerde, Jan Peder Hoggen og Einar Tore Haavik.

Dei valde å ikkje ta seg opp på fjellet før det vart lyst.

Tidleg tirsdagmorgon (10 april) kjørte dei opp frå Åmelfot med 4 snøskuterar.
Jon Arne Melle frå Norske Redningshunder var då også med.

Oppdraget var å undersøke hyttene i området.
Den sakna vart raskt lokalisert på ei av dei første hyttene dei kom fram til.
Klokka var då ca. halv 9


Artikkel på smp.no
Artikkel på VGnett

Terje er nr.2 frå høgre.

aksjon_aamelfot.jpg
Bilete: Jan Peder Hoggen.

 

07.03.2007 - 20:58 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Rapport frå skredet ved Sylvkallen


Melding om skred i Nøvedalen 040307. Kl 1544

Kart ref : 32V 365611 6903885

670 meter over havet.


To personar på skitur til Sylvkallen. På veg nedatt løyste den eine ut skred (200 meter breidde og 100 meter lengde). Skredet førte personen nedover og utfor ein 7-8 meter høg hammar og ned i eit elvagjel. Kompisen kom raskt til, og fann etter kort tid ei stavtrinse. Ingen av personane hadde spade, søkestong eller sendar/mottakar utstyr. Kompisen prøvde å grave med eine skia nedover etter staven, men måtte etterkvart gi opp og forflytte seg for å ringe etter hjelp. Norske Redningshunder, Volda/Ørsta R.K. skredgruppe og Ørsta R.K.Hjelpekorps vart varsla frå operasjonssentralen.

Dei to først frammøtte var på Standalseidet kl 1627 Dette var hundeførar og hund samt eitt medlem av Ørsta R.K Hjelpekorps. Desse gjekk opp til skredet på ski. Ambulansehelikopteret kom kl1641 og sette av lege og anestesisjukepleiar ved skredet. Desse to starta straks å grave fram den skredtatte. Helikopteret henta deretter fleire puljer a tre personar på Standalseidet og flaug desse opp til skredet. Dette var medlemmar av Volda/Ørsta RK skredgruppe og Ørsta R.K. Hjelpekorps.

Den skredtatte vart framgravd kl 1710. Han vart funnen ståande rett opp og ned med hovudet nede på ca 3 meter. Han vart konstatert død av helsepersonell.

Vi valde å gå inn i skredområdet då snømassenne rett over den skredtatte var rast ut. Likevel var det ei stor side lenger oppe så vi hadde kun nødvendig personell nede i gjelet under aksjonen. Ski og stavar tilhøyrande kameraten til den skredtatte valde vi å late stå då dei stod igjen lenger nede i gjelet, og der var ein del snø i området over.

Varsling/gjennomføring av aksjonen gjekk etter min meining som det skulle.

Jan Peder Hoggen
Volda/Ørsta skredgruppe

Fleire bilder frå skredet.
Bilde av Sylvkallen. (www.follestaddalen.net)


Raud linje: Brotkant
Grøn linje: Skredretning
Lilla linje: Skispor forulykka
Blå linje: Skipor kamerat


skred.JPG

 

15.07.2006 - 16:38 h | Skrive av borulf i Aksjonar

Onsdag 12.07.06. fekk vi melding om å starte leiteaksjon på Vartdalsstranda.
Søket var etter en mann sakna frå heimen sin dagen før. Vi skulle prioritere å finne bilen til den sakna.
Samtidig som vi organiserte søket vart det utført basesøk etter mobiltelefonen til den sakna.
I det vi skulle sende ut folk i søk fekk vi melding om at basesøket gav resultat utanfor vårt område.


Oppmøtte på Røde Kors vart:


Børulf
Odd Jarle
Kjell Martin
Lise
Arne Jan
Arthur M Vartdal (på Vartdal)
Hans Jacob (på Vartdal)
Sindre


Undervegs til Røde Kors:


Monica
Kristin