- Sider
- Framside
- Lokalforening
- Hjelpekorps
- Besøkstenesta
- Barnehjelpa
- Ungdom
- I. kvinnegruppe
- I naudsfall
- Diverse
- Bildealbum
- Nedlasting
- Eldre artiklar
- Media innslag
- Førstehjelp quiz
- Nyttige lenker
- Hjelp
Nyhendekategoriar» Ørsta Røde Kors
» Aksjonar
» Aktivitetsrapportar
» Barnehjelpa
» Besøkstenesta
» Hjelpekorps
» Lokalforening
» Ungdom
Sist opplasta bilde
|


Her skal det ligge nyhende som gjeld for heile Ørsta Røde Kors
For å sleppe å få doble/triple oppføringar bør kvart nyhende kun kryssast av i ein kategori.
Under Hjelpekorpset sin presentasjon av sin nye båt 22 juni, overrekte lokallagsleiar Ulf Valstad ei gåve frå Ørsta Røde Kors til Ørsta kommune v/ordførar Gudny Fagerhol.
Gudny takka for gåva og lovde at ho skulle sørge for at leideren vart montert på kommunekaia i Ørsta sentrum så raskt som mogleg.
Oppdatering:
27. juni.
Leideren er allereide komen opp på kommunekaia :-)
Jordskjelvofra på Haiti treng hjelp. Eit folk i ekstrem fattigdom kjempar no for livet i ruinane.
Di hjelp gir livreddande mat, vatn, medisin, husly og anna naudhjelp.
No treng Røde Kors di støtte slik at vi kan hjelpe befolkninga so raskt som mogleg, det er no det gjeld!
For å støtte oss, gå til vår Gi med hjertet side og gi så mykje du kan avstå.
Du kan også benytte fylgjande metodar:
Kontonummer: 8200.06.08331
Givartelefonnnummer: 820 44 001, (Kr 200,-)
Hjelp oss å hjelpe.
Di gåve reddar liv!
Som vanleg skal vi stille på Hjørundfjorddagane på Sæbø 6.-7. juni.
Meir info i forumet, klikk her.
Mot slutten av denne episoda viste dei frå skredulykka ved Sylvkallen i 2007. (Referert som Sykkylven).
Du kan sjå dette på webtv om du klikkar på linken under.
Innslaget startar etter 20 minutt og 30 sekund.
http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/485159
(Odd Jarle , Kjell Martin og Stian ser ein godt.)
(Sindre prøvar å ta ned brøytestikker.)
Temaet er:
Førstehjelp på ulykkesstaden
Kva gjer vi når vi kjem til ei trafikkulykke?
Foredrag ved Ambulansearbeidar Roar Gjerde
- Pulkkøyring
- Skadebehandling
- Søk i skred med søkestang
- Søk i skred med sendar/mottakar (elektronisk søkeutstyr)
- Snørekøyring etter snøskuter (om føret er bra)
Oppmøteplass er på toppen ved kafèen.
Det er no lagt ut eit brev og ein avtale som kan brukast om ein treng fri frå arbeid under aksjonar o.l.
Brevet er frå Norges Røde Kors og gir litt generell info om arbeidet vårt og kva rettar ein har i høve dette.
Avtalen skal skrivast i to eksemplar, ein til arbeidsgjevar og ein til Ørsta Røde Kors Hjelpekorps.
Kan lastast ned her.
Terje Stokke, Trond Eriksen og Bernt Arve fekk brakkene transportert fram og montert på fundament.
Vidar har ordna straum i brakka.
I løpet av siste veka har Arve Rødvk, Bernt Arve og underteikna fjerna nokre veggar og montert ein limtrebjelke, slik at vi har fått eit stort oversiktleg vakt rom, i tillegg til eit behandlingsrom og depot.
Her er en link til video frå brakka.
Noko mindre arbeid gjenstår, men no har vi eit lokale som vi kan bruke denne sesongen.
Til sommaren er det planar for ytterlegare oppussing.
Børulf
Natt til mandag vart systemet bak nettsidene våre oppgradert til nyaste versjon.
Dette skal ikkje føre til noko endring for deg som vanleg brukar.
Men finn du ting som ikkje virkar som før er det viktig at du gir beskjed om dette til webmaster@orstarodekors.no
- Det er gudskjelov oss det!
Neste møte er onsdag 3. september kl 19:00 på Røde Kors huset i Ørsta, strandgt. 21
Dette er ei stor muligheit for akkuratt DEG!
Røde Kors Ungdom er for alle mellom 13-30 år!
Røde Kors Ungdom arbeidar for å bekjempe urettferdigheit og fremmje forståelse og toleranse.
Vi seier tydeleg ifrå når respekta for menneskeverd blir krenka.
Vårt engasjement og våre handlingar skal gjere verda til ein bedre stad
Dersom DU har spørsmål, eller vil vere med, ikkje ver redd for å ta kontakt!
Kontaktinformasjon

Alle som har tid må då hjelpe til på standen vår.
Heile Ørsta Røde Kors er velkomne til å vere med.
Har du tips om aktivitetar vi kan bruke for å få folk til å stoppe opp litt er det berre åkome med det.
Kontakt Bernt Arve eller Knut Arne
Denne vil innhalde informasjon om ting som skal skje den neste veka.
Meld deg på ved å skrive namn og epost adresse til venstre under Nyhetsbrev.
Har du tips om ting som skal foregå send dei til Knut Arne Nygård (admleiar@orstarodekors.no / 997 33 385).
Ørsta Røde Kors er dermed stolte eigarar av ei hyttetomt på Standalseidet.
Les meir om dette på Sunnmørsposten (smp.no), eller papiravisene på Laurdag.
Diskuter gjerne også saka i diskusjonsforumet vårt.
Har du, eller kjenner du nokon som har ei god stemme og som er interessert i å prøve dette ta kontakt med webmaster. (kontaktinformasjon)
Sak: Godkjenning av avtale om hyttetomt på Standalseidet.
Styret
Og så ynskjer vi at alle skal få eit hjarteleg godt nytt år.
Eg har difor sett opp eit nytt system som er enklare å vedlikhalde og forhåpentligvis meir ryddig.
Held på å flytte over bilda frå det gamle albumet, så det vil kome fleire bilde etter kvart.
Har du ei meining om albumet, vær så snill og send ei melding til webmaster.
Albumet ligg her.
Astrid Lindvik Velsvik forklarte først litt om aktiviteten til Røde Kors ungdom.
Deretter spelte Åmdal trekkspelklubb ei stund.
Innimellom dette gjekk praten livleg, og kakene og kaffien gjekk ned på høgkant.
Videoklipp.
Helsing Ingeborg Standal (Kontaktinformasjon).
Bilde frå forrige medlemsmøte:
Og at ØRKH er det 3'dje som vart oppretta i Møre og Romsdal.
I Møre og Romsdal var Kristiansund det første (08.05.39)
Der etter Ålesund, Ørsta, Molde og Volda.
Fullstendig liste er å lese i fagbladet "Hjelpekorps".
Diskusjonsforum
Meininga med forumet er å få ut informasjon litt lettare, samt å få i gong litt diskusjonar.
Det er 7 opne forum der alle kan skrive det dei vil.
Ein treng ikkje å registrere seg her, men bruk helst fullt namn i "Brukarnamn"-ruta slik at det ikkje blir ståande som Gjest.
Vi har også 5 lukka forum, der det kan diskuterast litt meir interne saker.
Bruk fullt namn i registreringa.
For å sleppe unna spam og sjekke medlemskap må kvar brukar godkjennast av administrator før den blir aktivert.
Har kontoen din ikkje blitt aktivert innan eit døgn,
send gjerne ein epost til webmaster@orstarodekors.no
Ei stund framover vil alle foruma vere åpne for for lesing for alle.
Men det er fortsatt kun registrerte som kan skrive i medlemsforuma.
Ørsta Røde kors har som vanleg blitt førespurt om å vere med.
Det blir rebusløp, fisking, rjomegraut, bading og masse andre aktivitetar.
Vi skal også ha med gummibåten vår.
Kontaktperson/påmelding Bernt Arve (909 34 894 epost)
Værmelding for helga frå Yr.no
Værmelding for 5 dagar frå Storm
Øvinga var i sva området på Blåfjellet ovanfor Skorgeura/Lystad.
Det var 10 av SAR sine medlemmar frå Ørsta og Volda som fekk trena på å bli satt ned og plukka opp av Seakingen.
Medlemane frå Ålesund/Stranda har hatt tilsvarande øving i Valldal for 2-3 veker sidan
Jarle Steinar Bjørdal opplyste at dei også fekk øve på ein metode som vert kalla "Longline".
Det er ein metode som vert nytta når ein ikkje kan bli satt ned med winch til den skadde.
Ein opprettar då først ein sikker plass ein kan gå ned med winch. Deretter tek klatrarane seg ned til skadestaden.
Det vert lagt ut eit langt tau mellom standplassen og skadestaden. Helikopteret kjem så inn å koblar winchekroken inn på dette tauet. Når helikopteret så flyttar seg mot skadestaden, vil winchekroken bli ført lags tauet. Dermed kan ein få levert kroken til skadestaden som i enkelte tilfelle kan vere utilgjengelig for wincheoperasjonar.
.
Fleire bilete i Albumet.
Film av oppstart og takeoff med Sea kingen.
Oppmøte er 23:00 på Røde Kors lokala i Volda.
Det var snakk om å ha eit suppekjøkken i sentrum, samt å patruljere gatene.
Det har tidlegare vore behov for å yte førstehjelp til ungdommar som har til dømes kutta seg på glasskår.
Odd rekna med at vakta vil vare fram til ca. 03:00.
Bernt Arve har meldt seg positiv til å stille. Han har også vore med på dette før, så spørsmål kan rettast til han.
Thank you to everybody who helped us make this DM weekend the success it became !
Vi i Ørsta Røde Kors håpar at alle hadde ei fin helg.
We in Ørsta Røde Kors hopes everybody had a great weekend.
Har du ein kommentar, positiv eller negativ, legg den gjerne igjen nederst på sida her.
A comment, positive or negative, can be added below.
Mvh
Staben, DM 2007
Ørsta Røde Kors

Der vil det også kome linkar til div. medieoppslag om helga.
Karta som vart brukte under DM helga ligg no til nedlasting her.
MEDLEMSMØTE i Ørsta Røde Kors.
Onsdag 18 april 2007 blei det for første gong arrangert medlemsmøte i Ørsta Røde Kors.Møtet foregikk i Røde Kors lokala i Strandgata.
Oppmøte: nesten 35 stk.
Kveldens konferansier var lokallagsleiar Ingeborg.
Først hadde vi eit innslag med tre ungdommar som spelte Homesick og imagine.
Guro-Kristine Velle (song), Ida-Therese Egseth (tverrfløyte og song) og Torgeir Hovden Standal (gitar).
Så fekk vi litt info om Ørsta Røde kors og dei forskjellige avdelingane.
Det neste innslaget var fire ungdommar som kallar seg Amuse.
Tore Ørstavik (trommer), Matias Blickfelt (gitar), Sigrid Nupen (song) og Henrik Blickfelt (gitar).
Deretter fekk vi ein Powerpoint presentasjon av ein del bilde frå Grete Bjørdalsbakke Mo.
Og til slutt fekk vi ein del gode historiar frå Jon Endre Ørstavik.
Det vart servert masse gode kaker og kaffi under heile arrangementet,
og til slutt fekk dei som ville ein guida tur rundt om i lokala.
Lite filmklipp frå underhaldningsbidraga.
info om seinare møte vil kome her på sidene når det blir klart. .
Alle gamle eller nye medlemar i Ørsta Røde Kors er hjarteleg velkomne.
http://www.hjorundfjord.no/index.php?side=nyhende&nyhende=755&PHPSESSID=c2d046dbb90e22b5e33b434e906d7ef9
Dette vart gjort for å lette reinhaldet og minske støvplaga.
Det vart leigt folk til å pusse det meste av golvet og legge nytt under biloppstillingsplassane, men resten av arbeidet vart gjort av korpset sine medlemmar.
Sjå også opplasta bilde.
Gå difor inn på dette skjemaet og "bestill" deg eit passord i dag.
Alt no kan du lese litt om en leiteaksjon som har vore.
Mvh.
Kjell Bjarne


